Meldingar

Dugnad onsdag 11. juni kl 18.00

Det blir tradisjonell dugnad for medlemmer av Volda Småbåtlag onsdag 11. juni frå kl. 18.00.

Hovudoppgåva blir også i år vask og stell av sjølve bryggene i begge hamnene. Altså;
- fjerne groe frå pontongar (ta med skrape/barkespade)
- fjerne groe frå redningsstigar (ta med kost)
- vask av tredekke og metallramme (ta med
høgtrykksspylar med terrassevasker og/eller skurekost og bøtte; vi treng 4-5 høgtrykksspylarar i kvar hamn, husk overgang for straum- og vasstilkoping).
Dersom høgtrykk blir brukt, må dette skje så skånsomt at treverket ikkje blir skada.

Rydding av rusk, rask, tauverk og drivved høyrer også med.

I Sentrumshamna er det nokre delar av tredekket som skal skiftast.

I Rotsethamna blir det også tradisjonell kantslått og klipping av busker og kratt.
- Ta med kantklipper, rive, hekksaks, hagesaks og trillebår.
I tillegg skal vi skifte eit par kjettingar og vaske ned Lygarbuda innvendig.

Det blir pause med kaffi, enkel servering og prat ved Lygarbuda ca kl 19.30.

Alternativ dugnad:
I Rotsethamna er det også behov for vedlikehald av nokre av straumsøylene. Dette arbeidet blir gjennomført som eigne dugnadsøkter etter nærare avtale i løpet av juni. Så dersom du er elektriker, mekaniker eller berre nevenyttig vil vi svært gjerne at du tek kontakt slik at vi kan danne ein eigen dugnadsgjeng for dette arbeidet.

Det er altså nok å gjere; så velkommen til dugnad!
-- 

Beste helsing
Styret i Volda Småbåtlag


Ledige båtplassar

Følgjande båtplassar er ledige for tildeling (kjøp):
Rotset hamn: plass 62 (2,25 meter)
Volda hamn (sentrum): plass 115 (3,00 meter)
Volda hamn (sentrum): plass 129 (3,50 meter)
Volda hamn (sentrum): plass 233 (3,00 meter)

Sjå Fast båtplass for informasjon om prosedyra for tildeling, og Båtplassar - Sentrum og Båtplassar - Rotset for meir informasjon om plassane.


Diesel for medlemar

Du må vere medlem for å kunne fylle diesel. Vi har ikkje kortautomat. All bruk skjer via nøkkelbrikke, og medlemar kan få nøkkelbrikke mot eit depositum på kr 250.
MHService leverer farga autodiesel til oss som held norsk bransjestandard, EN590. Odd Jarle Koppernes (tlf 906 02 437) syter for at det til ei kvar tid er diesel på tanken.

Gjeldande dieselpris er kr 14,50 pr liter for medlemar (frå 10. april 2025).

Tidlegare dieselprisar

Frå 17. oktober 2024: kr 15,50 pr liter.
Frå 11. juli 2024: kr 16,00 pr liter.
Frå 19. oktober 2023: kr 16,75 pr liter.
Frå 1. august 2023: kr 15,00 pr liter.
Frå 13. april 2023: kr 15,25 pr liter.
Frå 15. september 2022: kr 17,75 pr liter.
Frå 27. juli 2022: kr 19,00 pr liter.
Frå 12. april 2022: kr 16,00 pr liter.
Frå 17. desember 2021: kr 12,00 pr liter.
Frå 20. juli 2021: kr 11,50 pr liter.
Frå 19. mai 2021: kr 10,50 pr liter.
Frå 28. desember 2020: kr 9,50 pr liter.


Takk til Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre

I april så skifta vi ut dei siste utriggarane som hadde flyteelement av ubeskytta isopor i Rotsethamna. Med dette håper vi å hindre plastforureining i hamna og fjorden. Denne investeringa var på over 300 000 kr, medan tilsvarande investering i Volda hamn i juni 2023 var på over 500 000 kr. Det er difor svært gledeleg at Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre har støtta denne miljøsaneringa med 75 000 kr. Det kjem godt med.

Det som no gjenstår av nødvendig arbeid er å utbetre det elektriske anlegget slik at dette blir i forsvarleg stand. Vidare så bør flyteelementa på sørvisbrygga også skiftast, men då treng vi meir støtte.

Støtt Småbåtlaget gjennom grasrotandelen

Dersom du spelar hos Norsk Tipping kan du registrere Volda Småbåtlag som grasrotmottakar, og på denne måten støtte Småbåtlaget økonomisk. Sjå meir om korleis du gjer dette på: https://www.norsk-tipping.no/grasrotandelen/din-mottaker/997893999


Vil du kjøpe båtvimpel?

No kan du kjøpe båtvimpel med Småbåtlaget sin logo. Vimplane er laga av polyester decor 205 gram, vrangsydd med snor og rettvendt logo trykt på begge sider. Storleiken er 50 cm x 28 cm, og prisen er kr 375 pr stk.

Send e-post til voldasmabatlag@gmail.com om du ønsker å kjøpe.


Flo og fjøre